når ein øver songane som / ligg bak / kan vi få ein finger med i spelet
Emanuel Bach sin musikk og Laurence Sterne sin litteratur har fascinerande parallellar – både i uttrykk og struktur. I lys av Are Frode Søholt sin lyrikk, reflekterer Ingrid kring korleis avstand i tid og kultur etterkvart opplevast fryktelig irrelevant.
(C. P. E. Bach: Sonaten für Kenner und Liebhaber, Are Frode Søholt: Luftorkester, Laurence Sterne: A Sentimental Journey, Ingrid Hagen: Klavikord, lesing og refleksjonar. Instruksjon og rettleiing: Ragnhild Gudbrandsen.)
Konserten fann stad 12. april i Bergen gamle Latinskole, arrangert i samarbeid med Antikk Musikk og Bymuseet i Bergen.