Plutselig Festspill!
Ingrid og klavikordet deltok på eitt av Festspillene i Bergen sine ad hoc-arrangement: Musikkstudentar var inviterte til å dukke opp og spele korte innslag på uventa stadar i byen.
Med dette i bakhovudet var eg nok førebudd på ein litt meir kreativ turneplan enn utelukkande restaurantar. Sjølv om eg kom brasande inn med forsterkar og greier vart eg likevel veldig raskt til taffelmusikk.
Men kartet stemmer heldigvis ikkje alltid med terrenget, og eg tok meg høve til å flytte spelestad eitpar gongar – t.d. ut i resepsjonen i SAS-hotellet på Ole Bulls plass som ein kan sjå på biletet.
Det er fryktelig vanskelig å skape seg eit rom for å kunne formidle musikk i ein slik ikkje førebudd setting. Sjølv om eg hadde det mest moro då eg spelte på andre stadar enn på restaurantane, fungerte i grunnen ingen av settingane særlig godt.
Eg skal utfordre meg sjølv igjen for å sjå om eg greier skape ein betre formidlingssituasjon dersom eg tek meir plass – altså både vert meir synleg, og lagar kraftigare lyd: Eg skal spele på Bryggen og på Hanseatisk Museum, voneleg medan det framleis er turistar og fint ver komande månad.
Bilete frå heisanordning på Bryggen in Bergen: Her får klavikordet vere med i ein 1700-tals vareheis.