Planar
No nærmar stipendiatprosjektet seg slutten. Det blir ein svært spanade haust! Arbeidet består no i førebuingar: Avslutningskonsert i november med CD-slepp, å sjå til det formelle i samband med oppmelding for sluttvurdering, samt å arbeide med refleksjonane, som skal publiserast i januar på Reseach Catalogue.
Slik blir prosjektavslutninga:
- 14. november kl. 18: Avslutningskonsert “Å framføre musikk av Emanuel Bach”
I Stranges Stiftelse på Nordnes. Medverkande: Øivind Nussle (fiolin) og Hans Gunnar Hagen (bratsj). - Plateslepp av EUCD 104 für Kenner und Liebhaber finn stad under avslutningskonserten.
- Publisering av refleksjonar på Research Catalogue innan 14. januar 2017. Dei blir deretter å finne der, på min profil.
- Disputas finn, dersom alt går godt, stad ein gong i juni 2017.